Smittevernstiltak

Årdal Dyreklinikk held inntil vidare normale opningstider, men det blir gjort følgjande for å ivareta strengt smittevern:

➡️ Spørsmål, reseptar og timebestillinger SKAL gjerast pr tlf, sms, facebook eller epost

➡️ Ang fór og evt anna utstyr; ta helst kontakt på forhånd på tlf, sms, facebook eller epost, så blir dette klargjort til du kjem (betaling ved kort eller faktura)

➡️ For dei som har time; kom ikkje fleire enn nødvendig, kom presis til avtalt tid, sprit av hender ved inngang og set deg på vanlig venteplass, ikkje berør flater osv unødvendig

➡️ For dei som skal henta fór / utstyr; sprit av hender ved inngang og VENT der til du det du skal ha blir funne fram for deg

➡️ Da det kan vera nødvendig for eigar å holde dyret sitt under konsultasjonen vil veterinær bruka smittevernsutstyr

➡️ Følg nasjonale regler for smitteforebygging; ta kontakt på forhånd om du har vore sjuk / vore i kontakt med andre som er smitta osv

➡️ Bankterminal, dørhåndtak osv blir desinfisert regelmessig heile dagen.

➡️ Vask hender før du kjem og hold minst 1 m avstand til andre som eventuelt er der

➡️ Forandringer i opningstider kan oppstå på kort varsel. Dei som har timar blir kontakta direkte om det blir endringar der.

➡️ Det blir satt opp lengre tid mellom timane for å ivareta godt smittevern; i tilfelle stor pågang kan det bli gjort prioriteringar